hyttelivguiden

Mobil-QR
Få kontaktinfo på mobilen

Per Mulvik AS

Postadresse:
PB 86, 6101 VOLDA
Besøksadresse:
Holmen 7, 6100 VOLDA
Tlf: 70074990-90023835
 

Om Per Mulvik AS

PER MULVIK AS, org.nr. 941987516, er eit rådgivande ingeniørforetak som tilbyr tenester innanfor prosjektering av bygg- og anlegg, kommunalteknikk, prosjekt- og byggeleiing, landmåling, planarbeid, og taksering. For meir info om tenester, sjå nedtrekksmeny under "Tenester"

Foretaket vart skipa i 1972 av Ing. Per Mulvik, som då starta for seg sjølv, og har deretter utvikla seg i storleik og fagbreidde. Selskapsform vart endra til aksjeselskap i 1987. Foretaket har i dag 11 fast tilsette, alle med teknisk utdanning på bachelor- (BSc) og masternivå (MSc) frå høgskule og universitet.

Per Mulvik AS held til i moderne kontorlokale i Volda sentrum på Søre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Her er vi sentralt plassert 5 min frå Ørsta/Volda Lufthamn og effektive vegsamband mot regionane rundt Ålesund, Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid, Fosnavåg og Stranda på Sunnmøre, og Nordfjordeid, Hornindal, Stryn, Gloppen og Måløy i Nordfjord. I tillegg har foretaket avdelingskontor i Nordfjord Næringshage på Nordfjordeid.

Foretaket er autorisert medlem av Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) og av Norges TakseringsForbund (NTF) og har sentral godkjenning for ansvarsrett frå Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) med samsvar i gjeldande regelverk.

 

 

Finn veien